Vedtekter for Sør-Fron kommunes kulturfond – Ringdalsfondet
Ringdalsfondet vart stifta av Berte og A. O. Ringdal i 1928. Dei testamenterte 5.000 kr til dette fondet.
Styret for fondet er Sør-Fron formannskap.
Fondet sine midlar skal kunne bli utbetalt som stipend til ungdom under 25 år i samband med vidareutvikling på felt innafor kulturområdet. Ved årsslutt skal eventuelt ubrukte midlar på kulturtilskotsposten, bli overført Sør-Fron kommunes kulturfond – Ringdalsfondet.
Stipend frå fondet kan utbetalast ein gong i året. Ordninga skal da bli gjort kjent i kommunen gjennom utlysingar og/eller på annan måte.
Skriftleg søknad skal sendast til kulturkontoret som fungerer som sekretariat for ordninga.
Vedtektene er fastsett av styret for Ringdalsfondet i møte den 12. oktober 1988.
Endringar er gjort av styret 29. mai 1996 og av styret 5. juni 2013.